Ein kalkulert suksess
The Descendants er ein av storfavorittane før Oscar-utdelinga. George Clooneys Hawaii er ikkje eit paradis.
Det er mange kvalitetar ved Alexander Paynes seinaste film. Regissøren som også står bak kvalitetsfilmar som Sideways og Hva angår Schmidt, har fått med seg George Clooney i hovudrolla. Med andre ord kan dette aldri gå heilt gale. Clooney spelar eigedomsmeklaren Matt King, ein Hawaii-innbuar som får livsalvoret i fleisen då kona hans kjem utfor ei båtulukke og hamnar i koma.
Hawaii er altså ikkje noko paradis, her er det tvert om mange mørke skuggar over tilveret. Desse skuggane får rett nok nokre komiske lysskjær over seg. Eg er usikker på kor vellukka dette er. Alvor og komikk går ofte hand i hand og eg følgjer stort sett Matt på ferda. Eg kan likevel ikkje fri meg frå kjensla over at denne filmen i for stor grad er ein kalkulert suksess. Han kjem ikkje heilt ned til djupnene der det verkeleg gjeld, sjølv om han ytre sett er rosverdig på alle vis. Kanskje er det eg som ser filmen på ein for kynisk måte, for dei fleste andre ser ut til å rose han opp i skyene. Og filmen er jo god. Men likevel ...
Mange problem. Nokså raskt tårnar det seg opp for Matt. Hovudsaka er sjølvsagt at han får beskjed frå legane om at livet til kona truleg ikkje står til å redde. No sit han med åleineansvaret for ei tolv år gammal jente, Scottie (Amara Miller), som allereie har byrja å vise teikn til trøblete ungdomstid. Den 17 år gamle dottera Alexandra (Shailene Woodley) har vist vegen i så måte, ho er i utgangspunktet i tydeleg opposisjon til foreldra. Når Matt dreg over og hentar ho heim frå øya der ho studerer, har ho drukke seg full.
Med ei kone på randa av døden og to ustyrlege jenter å handtere, Matt har nok vore ein typisk karrierepappa, skulle ein tru at vår mann hadde nok å stri med. Men nei. Det viser seg nemleg at kona var utru mot han berre nokre dagar før ulukka. Alexandra har sett henne saman med ein viss Brian Speer, som Matt no kjenner det som maktpåliggande å oppsøke. Filmen dreier seg vidare om jakta på denne Brian Speer, der særleg Matt og Alexandra kjem nærmar kvarandre enn dei truleg har vore nokon gong tidlegare.
Jord og land. Midt i denne dramatikken står salet av eit stort stykke Hawaii-land som King-slekta har rådd over i fleire mannsaldrar. No ønskjer slekta å selje unna, Matt vil det sjølv også. Landstykket er eit retteleg paradis, som no vil bli utbygd til hotellområde. Tematikken aktiverer mange kjensler. Jord er ei stor og viktig sak, slekt og arv på same viset.
Hawaii-miljøet er ein viktig faktor i filmen, som også utmerker seg ved den omfattande bruken av lokal musikk. Hawaii har vore skildra på film tidlegare, til dømes i klassikaren From Here to Eternity (1953) med Burt Lancaster, Montgomery Clift og Frank Sinatra i dei leiande rollene. Likevel vil nok The Descendants har gode sjansar til å bli ståande nokså lenge som den ultimate Hawaii-filmen. Barack Obama vil nok ta seg bryet med å sjå denne.
Lite truleg. Filmen er nominert til Oscar i fleire kategoriar, både beste film, beste mannlege skodespelar, beste regi og beste adapterte manuskript. Eg forstår kvifor mange likar han, men sjølv klarer eg ikkje å bli i fyr og flamme. Det er så mange lite trulege scener i denne filmen at eg ikkje kjøper sluttpakka. Til dømes har du forholdet mellom Matt, Alexandra og ein ven av Alexandra, som oppfører seg som ein idiot, men blir med familien rundt og snart blir spurt til råds av Matt. Ein kan rett nok hevde at Matt oppfører seg irrasjonelt både fordi han er i sorg, noko som ofte kjem litt i bakgrunnen i filmen, og fordi han på alle vis prøver å bli kjent med si eiga dotter. Men noko skurrar, og det skjer fleire stader.
Alliansen mellom far og dotter; funkar den? Jakta på elskaren til den døyande kona? Motivasjonen for handteringa av den verdfulle eigedomen?
Eg får kanskje avfinne meg med at eg er ein av få som ikkje liker denne filmen så godt. Eg vil ikkje råde nokon frå å sjå han. Men eg har ei kjensle av at George Clooney og Alexander Payne gjer seg tyngre på vektskåla enn filmen maktar i seg sjølv. Dette er ein kalkulert suksess.
